Barnehagen vår

Barnehagen ligg i eit landleg og naturskjønt område. Vi er ein 1-2 avdelingsbarnehage, og bygget vi held til i er eit sjarmerande og heimekoseleg bygg, som tidlegare var skulehuset i bygda. Huset har jamleg vore renovert, og i år 2013 sto det ferdig eit tilbygg.

Vi har eit fint uteområde, samt ein eigen «barnehageskog» like ved, som vi får disponera. I skogen har vi ei eiga grillhytte, bålpanne og ein nydeleg naturleikeplass, dette nyttar vi mykje. Turløyper, fotballbane, gymnastikksal, leikeplass, barneskule, strandsone og bondegardsdyr som sauer og hestar er å finna i gangavstand frå barnehagen.

Barnehagen si opningstid er frå kl. 07:00 – 16:30 måndag - fredag.

For meir praktisk informasjon om fridagar, feriar, planleggingsdagar etc. – sjå Vedtekter for Kolbeinsvik barnehage, samt barnehagen si heimeside (www.kolbeinsvik.barnehage.no).

Vi vektlegg å oppmuntre til sunne, gode matvanar. Vi serverer lunsjmåltid kvar dag, samt frukt og grønt kvar ettermiddag. Vi serverer måltid på ein innbydande måte og er bevisste kva matvarer vi nyttar. Lunsjmåltid består av smøremat eller lett varmmat. Vi serverer vatn og mjølk til kvart måltid. Nistepakke til frukost, og eventuelt til ettermiddagsmåltidet, må takast med av heimen, me ønskjer sterkt at de hjelper oss med å jobbe for sunne og gode matvanar.

Kolbeinsvik barnehage er ein privat heildagsbarnehage. Barnehagen er eigd av Kolbeinsvik kvinne -og familielag, og vert drifta av styret ved Kolbeinsvik barnehage.