Praktisk informasjon

Her finn du praktisk informasjon og opplysningar om vår barnehagekvardag:

Åpningstid:

Barnehagen er open måndag - fredag frå kl. 07.00 - 16.30.

Barnehagen har stengt 2 veker om sommaren. Nærare informasjon ang. opningstider rundt feriar og høgtider finn ein i barnehagen sine vedtekter.

 

Pris:

Me følgjer staten sine satsar for foreldrebetaling som er regulert av forskrift om foreldrebetaling i barnehagen.

Matpengar kjem i tillegg og inkluderer lunsjmåltid, frukt og grønt til ettermiddagsmåltid, samt drikke til alle måltid. 

 

Foreldrebetaling:

Ordinær plass:                

100% plass kr 2 910,-     80% plass kr 2 619,-     60% plass kr 2 037,-    

50% plass kr 1 746,-       40% plass kr 1 455,-

 

Søskenmoderasjon:

Ein får 30% reduksjon av pris for barn nr 2 og 50% reduksjon av pris på barn nr 3 eller fleire.

 

Søskenmoderasjon 30%:

100% plass kr 2 037,-     80% plass kr 1 833,-     60% plass kr 1 426,-

50% plass kr 1 222,-       40% plass kr 1 019,-

 

Søsken moderasjon 50%:

100% plass kr 1 455,-     80% plass kr 1 310,-     60% plass kr 1 019,-

50% plass kr 873,-          40% plass kr 728,-

 

Rett til redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid?

Det finnast to moderasjonsordningar for familiar med låg inntekt;

1. Redusert foreldrebetaling.

2. Gratis kjernetid for 3, 4 og 5 åringar, 20 timar pr veke.

 

Viser til kommunen sine heimesider for meir informasjon vedrørande foreldrebetaling - her finn ein òg søknadsskjema for moderasjonsordningar;

https://www.austevoll.kommune.no/tenester/skule-og-barnehage/barnehage/pris-og-betalingsordningar/ 

 

Kostpengar:

100% plass kr 300,-     80% plass kr 240,-     60% plass kr 180,-  

50% plass kr 150,-       40% plass kr 120,-

 

Fråvær/sjukdom:

Alt fråvær skal meldes til barnehagen, fortrinnsvis innan kl.09.30 same dag. Dette gjeld både ved sjukdom og anna fråvær. Foreldre/føresette skal gje beskjed så tidleg som mogleg, slik at barnehagen kan tilretteleggje tilbodet best mogleg for dei øvrige. Barn som er sjuke må haldast heime. Ved tvilstilfelle vert smitterisikoen og miljøet i barnehagen vektlagt. Vi seier det slik at er det tvil, så er det ikkje noko å tvile på. Sjuke barn har det best heime.

 

Klede -og utstyr:

Merking:

Det er viktig at alle klede og utstyr for barnet vert merka med barnets namn. Ver venleg å merk dette før de tek det med til barnehagen.


Dette treng barnet å ha i barnehagen:

- eit par bytesett frå innerst til ytst. Vinterstid anbefaler vi ullklede.

- varme tjukkare klede som er mjuk og god å bevege seg i, vi bruker dette alltid under regntøy/dress.

- ytterklede etter vèr og vind. Tjukk/tynn kjeledress etter årstida i tillegg til eit sett med regntøy.

- støvlar og gode tursko.

- kremar, salvar osv som barnet treng. Hugs solkrem og kuldekrem. (Barnet skal vere smurd med naudsynte kremar då det kjem i barnehagen, vi fyller på utover dagen etter behov).

- tursekk, sitjeunderlag, termos og drikkeflaske (dette ligg i barnehagen til bruk ved tur)

- om barnet nyttar det: bleier, våtserviettar, sinksalve, smokk, kos, vogn, vognpose, etc. Hugs regn -og insektsnetting til vogn.


Ta med heim - og fyll på:

Om klede vert våt/skitten i løpet av dagen, legg vi dei i pose på plassen til barnet i garderoben. Ta dette med heim og fyll på med nye byteklede.

Ta med alt yttertøy heim kvar fredag/helg for reingjering. På denne måten får vi òg reinheldt garderobane ordentleg.


Diverse

Leikar:

Private leikar har barnehagen vedtatt at ikkje er lov å ha med seg i barnehagen. Her er meir enn nok leikar til alle! :-) Eit unntak er bøker, dette kan tas med for felles lesing i samling ein gong i blandt.

 

Solkrem ordning:

Barnehagen tilbyr solkremordning. Foreldra betalar då ein sum, og barnehagen står for innkjøp av solkrem. Gje beskjed til personalet dersom de ønskjer å delta på denne.

 

(Utover dette sjå utfyllande informasjon i barnehagen sin årsplan og barnehagen sine vedtekter).