Visjonar og verdiar

Vi vil at Kolbeinsvik barnehage skal vere ein god, trygg, kjekk og kvalitetsrik arena for barn, foreldre og tilsette. Vi ynskjer at alle skal føle tilhøyrigheit i eit positivt, læringsrikt og verdifullt fellesskap, kor vi kan gle oss til å møtes kvar dag. Vårt "slagord" er: - Læring, leik og glede - Kolbeinsvik barnehage er stedet! -

Satsings område

Satsingsområde som vi har valt å fokusere særleg på i Kolbeinsvik barnehage omhandlar i grove trekk desse tre punkta;

Fysisk aktivitet: Vi er ein arena for dagleg fysisk aktivitet kor vi ønskjer å fremme barnas bevegelsesglede og motoriske utvikling. Vi er mykje ute i naturen, både på barnehagen sitt uteområdet, i barnehageskogen, på uteområdet ved skulen, og går lengre turar i skog og mark. Vi har òg tilgang på gymnastikksal som ligg like ved, denne nyttar vi mest på haust og vinterhalvåret.

Kosthold: Vi ønskjer å bidra til sunn og variert mat, samt matglede i barnehagen. Dette synes vi er viktig fordi måltida i barnehagen utgjer en betydeleg del av barnas totale kosthald. Vi vektlegg gode rammer rundt måltida med tanke på atmosfære, tid, bordskikk, hygiene, haldningar, samt tilrettelegging av «klare sjølv».

Språkmiljø -og språkstimulering: Tidleg og god språkstimulering er ei av dei viktige oppgåvene i barnehagen. Vi har valt å fokusere spesielt på dette området, og har i den samanheng utarbeida ein eige «Språkplan for Kolbeinsvik barnehage». Vi viser til denne planen for meir informasjon. Ein finn språkplanen på heimesida til barnehagen.